I dag hadde me om dialekter på skulen. Me fekk to oppgåver den eine var å omsetje ein tekst. Den andre var å finne ulike trekk ved dialekta.
Frå Valledialekt til nynorsk
Forteljing av Knut K. Homme.
Maten er ikkje så viktig så lenge man er mett og har nok av den, men for dei som er svolten og ikkje har ein matbit, så er maten det viktigaste i verda. No går me inn i butikken og vel oss mat frå de stappfulle hyllene. Dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffar maten, kor mye det krev av arbeid og innsats.
Men me skal ikkje så langt til bake i tid, før alle fekk tak i mat sjølv, i kvart fall i bygda. Då var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagskosten var brød og graut, graut og brød. Men til jul hadde vi noko som var sjeldan, noko spesielt. Då var mange etter julefisk, dersom dei ikkje hadde vore å fange fisken mens den var oppi elva og gyta.
Julefisken skulle helst vere stor og raud, og då låg han på høgfjellet. Før jul hadde folk god tid, og då kunne dei vere borte nokre dagar. Nettene var kalde og dagane korte, så ein måtte kle seg godt og ta på seg ull, og skinnfellar eller sengeteppe om nettene. Med skinnet frå elden på veggane, ble det fortald mange sagar, heile kvelden lang.
For å finne ut kor ein dialekt kjem frå, må ein sjå på ulike kjenneteikn. Det fyrste ein kan sjå på, er infinitiven. I valledialekten er det kløyvd infinitiv, det vil seie at dei brukar både –a endingar og –e endingar. I teksta til Knut K. Homme kan me sjå at han har brukt både ” å vére” og ” å kunna”. Det er ikkje noko teikn til palatalisering i teksta. Framfor å bruke manj, ser man at han opptil fleire gonger bruker ”an” om han. Det er heller ikkje teikn til at han har brukt tjuk”l”. Vallemålet er den dialekten som er mest kjent for å gå frå ”ll” til ”dd”. Eit eksempel på dette er ”idde” i staten for ”ille”. Når det gjeld personlige pronomen så blir det ”mi”, når han snakkar i fleirtal. Det er ikkje teikn til dei såkalla ”bløde konsonantane”. Det blir sagt ”inkje” framanfor ”ikkje”. Me kan seie at ”inkje” er ein form for ”ikkje”, og ”ikkje-forma” finn me på vestlandet. Ut i frå å sjå på dei ulike målmerka, kan ein sjå at dialekten finnast i det vestlandske området, meir presist kan ein sjå at den finnast i dei vestlege dalføra, noe som er eit av dei tolv dialektområda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar